Sjusjøen 15.11.2014:

Postet av Markane IL den 15. Nov 2014

Sesongstart i skiskyting.

Georg Kristian Halsteinlid. Foto: TSN, 2014

Georg Kristian Halsteinslid vart nr 34 i klasse M17-19 sesongopninga på Sjusjøen. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 2014

Tarjei Bø gjekk seg inn til ein fjerdeplass på sesongopninga i skiskyting på Sjusjøen. Tarjei var med i teten frå starten av, men med ein bom på ståande skyting hamna han akkurat utanfor pallplassane. Han var 35,9 sek etter vinnaren Alexander Os. Andreplassen gjekk til Simon Fourcade, 21.1 sek etter vinnaren medan Vetle Sjåstad Christiansen vart nummer tre, 28.1 sek bak. Alle dei tre fremste skaut feilfritt. Johannes Thingnes Bø gjekk også eit bra løp og vart nummer 10. Han var 59.4 sek bak etter totalt to rundar. Jarle Midthjell Gjørven gjekk seg inn til ein 77. plass. Han fekk ein bom på kvar av skytingane og var i mål 3 min 54 sek etter teten. Johan Eirik Meland braut løpet.

Georg Kristian Halsteinslid vart best av deltakarane frå Markane IL i klassa menn 17-19 år. Han vart nummer 34 i klassa. Med berre ein bom på den liggjande skytinga og feilfri ståandeserie var han 3 min 11 sek etter dagens vinnar Dominic Reiten frå Tyskland som skaut feilfritt. Aleksander Fjeld Andersen kom på andreplass 7,3 sek bak medan Andreas Kjeverud Eggen kom på tredjeplass 24,4 sek.

Håkon Midthjell Gjørven vart nummer 52. Han var 5 min 36,6 sek bak vinnaren etter fire bom på den ståande skytinga. Odd Sindre Tonning gjekk seg til trass for 7 strafferundar inn til ein 54. plass, 6min 2,2 sek. Gaute Bø kom på 56. plass. Han var 6 min 27 sek etter vinnaren med totalt 4 rundar. Grim Nygård vart nummer 59 med totalt 3 bom var han 6 min 51 sek etter vinnaren. Andreas Halsteinslid kom på 61. plass med totalt fire bom var han 7 min 40 sek bak i mål.

Resultatliste frå sesongopning skiskyting Klasse gutar 17-19 år 15.11.2014.

 Resultatliste sesongstart skiskyting Sjusjøen Klasse menn senior 15.11.2014.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline