Ullsheim 22.-23.11.2014:

Postet av Markane IL den 12. Nov 2014

Miljøsamling for skiglade born og unge! 

Markane IL inviterer til miljøsamling på Ullsheim helga 22.-23. november. Samlinga er for barn og ungdom som er glade i langrenn. Dersom du er fødd i 2006 eller før, er du velkomen til å delta!

Vi satsar på ei kjekk helg med overnatting i klubbhuset (på flatseng), trening, sosiale aktivitetar, mat og mykje moro!

Oppstart: Laurdag 22.nov klokka 12.00

Avslutning: Søndag 23.nov ca. klokka 14.00

Programmet er ikkje heilt spikra endå, men blir det skiforhold nyttar vi naturlegvis skia mest mogleg. Er det derimot framleis bart ute, blir det varierte aktivitetar som m.a. rulleski, aktivitetsløype, langtur i skogen, refleksløype osv. Aktivitetane blir tilpassa dei ulike aldersgruppene. Flinke trenarar vil passe på at alle får litt å bryne seg på!

Det vert matservering begge dagane. (Lunsj og middag på laurdag + frukost og lunsj på søndag)

Påmelding: Anne Marie Svarstad -helst innan onsdag 19.november på e-post Anne.Marie.Svarstad@sfj.no eller tlf.nr 92609077
(ta då med namn og fødselsår på barnet / ungdomen, namn til foreldre + e-postadresse og tlf.nr til foreldre)

Deltakaravgift: kr 200.- pr. pers. betalast ved frammøte på Ullsheim laurdagen.

PS! Vil mor og / eller far (ev. yngre sysken) vere til stades på samlinga denne helga får dei naturlegvis lov til det -og endå betre -er det nokon av foreldra som har tid og lyst til å hjelpe til med matlaging, nattevakt, rydding o.s.v. set vi stor pris på det. (Gje lyd)

Endeleg program med utstyrsliste blir sendt ut til påmelde utøvarar i løpet av torsdag / fredag før samlinga.

Vi satsar på at dette blir ei kjekk helg med mykje god aktivitet!
Så meld deg på og bli med!

Innbydinga kan lastast ned på lenka nedanfor.

-Skigruppa i Markane IL -

Miljøsamling Markane haust 2014.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline