Steinkjer 20.9.2014:

Postet av Markane IL den 20. Sep 2014

Sølv til Tarjei Bø i NM rulleskiskyting

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Tarjei Bø (t.h) tok sølv på sprinten under NM rulleskiskyting. Johannes Thingnes Bø vart nummer fire. Foto: Fjordingen

Tarjei Bø gjekk seg inn til sølvmedalje under NM rulleskiskyting i Steinkjer. Med ein bom på første skyting og feilfri ståandeskyting var han 15 sek etter vinnar Lars Helge Birkeland frå Birkenes IL i mål. Birkeland skaut feilfritt på begge skytingar. Emil Hegle Svendsen vart tok bronsen 38 sek etter vinnaren. Også han skaut feilfritt.

Johannes Thingnes Bø fekk to bom på første skyting, men med feilfri skyting på ståande gjekk han seg heilt opp til fjerdeplass. Han var 55 sek etter vinnaren i mål. Jarle Midthjell Gjørven gjekk inn til ein 27.plass etter totalt tre strafferundar. Differansen fram til vinnaren var på 3min 17sek.

I klasse M20-21 vart det 15.plass til Johan Eirik Meland. Han fekk ein bom på kvar av skytingane og var 1min 40sek bak vinnaren Martin Femsteinevik frå Hålandsdal IL som skaut feilfritt. Vemund Ravnsborg Gurigard frå Vingrom ILvart nummer to. Han var 31sek bak med ein bom. Tredjeplassen gjekk til Henrik Sagosen Smeby frå IL Bevern som var 36 sek etter vinnaren med ein bom totalt.

Georg Kristian Halsteinslid vart nummer 30 i klasse M19. Han var 3 min 1 sek etter vinnaren med totalt fem strafferundar. Klassevinnar vart Andreas Kjeverud Eggen frå Hernes IL som berre hadde ein bom.

I klasse M18 vart Gaute Bø nummer 34 med ein bom på kvar av skytingane. Han var 3 min 40 sek etter klassevinnaren Sverre Dahlen Aspenes frå Skatval Skilag.

I klasse M17 vart Håkon Midthjell Gjørven nummer 34 med totalt fem bom. I same klassa vart Grim Nygård nummer 40 med tre bom og Andreas Halsteinslid nummer 41 med totalt åtte bom. Klassevinnar vart Vebjørn Sørum frå Søndre Ål Sportsklubb som berre hadde ein bom.

Resultatliste skytefinale NM rulleskiskyting 19.9.2014

Resultatliste NM rulleskiskyting sprint 20.9.2014.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline