Ullsheim 7.september 2014:

Postet av Markane IL den 7. Sep 2014

Resultat frå Bendit Rulleskifestival normaldistanse

Magnus Midthjell Gjørven. Foto: Margunn Hjelmeset 

Magnus Midthjell Gjørven vann både sprint og normaldistanse i klasse G14. Foto: Margunn Hjelmeset

I alt 130 deltakarar deltok på den andre dagen på Bendit Rulleskifestival. Også i dag vart det konkurrert i løp med skyting for klassane opp til 12år medan det var normaldistanse rulleskiskyting for klassane frå 13 år og oppover. For klassane frå 13 år og oppover var løpet også LM for Region Vest.

I alt 31 løparar stilte på startstreken for Markane IL. Det vart fire klassesigrar, totalt ni pallplasseringar i LM-klassane og mange fine plasseringar.

Magnus Midthjell Gjørven gjekk til topps i klassa for G14 for andre dag på rad. Han skaut feilfritt på begge skytingane og var med det 51,9 sek føre andreplassen i klassa Magnus Seljeset frå Hornindal.

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klasse G15. Han fekk tre bom og vann 2min 25 sek føre Magnar Lødemel frå Hornindal IL som også hadde tre bom. I klassa jenter 15 år vart det LM-tittel til Anne-Marie Roset for andre dag på rad.

Aksel Mathias Meland vann klasse G16. Han skaut totalt tre bom og var 45,9 sek føre Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL som fekk ein bom meir. 

I klasse M17 vart det tredjeplass til Grim Nygård. Han skaut nest best av deltakarane i klassa med totalt fem tilleggsminutt på dei fire skytingane. Klassevinnar vart Tobias Nyborg frå Voss med fire tilleggsminutt. I klasse M18 vart det andreplass til Gaute Bø. Georg Halsteinslid vart nummer to i klasse M19. Lars Midthjell Gjørven vart nummer to i M20-21 medan Jarle Midthjell Gjørven vart nummer to i klassa for menn senior.

Resultatliste Bendit rulleskifestival normal 07.09.2014.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline