Ullsheim 6.9.2014:

Postet av Markane IL den 6. Sep 2014

Johannes Thingnes Bø til topps på sprinten under Bendit rulleskifestival

 Pallen i menn senior Bendit Rulleskifestival. Foto: John Roger Meland

Pallen i menn senior saman med ordførar Sven Flo: 1. Johannes Thingnes Bø, 2. Tarjei Bø, 3. Ole Martin Erdal og 4. Jarle Midthjell Gjørven. Foto: John Roger Meland

 135 deltakarar stilte til start under sprinten på Bendit Rulleskifestival. For dei opptil 12 år var det løp med skyting på programmet medan dei frå 13 år og oppover konkurrerte i rulleskiskyting. Løpet var også LM for region Vest.

Både Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø, Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland stilte til start på heimebane. I klassa for menn senior gjekk sigeren til Johannes Thingnes Bø medan Tarjei Bø vart nummer to. Både Tarjei og Johannes fekk to strafferundar kvar, men Johannes var raskast i løypa og kom i mål 38,8 sek før Tarjei. Vinnartida var på 19min 49,4sek. Tredjeplassen gjekk til Ole Martin Erdal frå Førde IL. Også han fekk to strafferunder og var 1min 46,2sek bak Johannes i mål. Jarle Midthjell Gjørven vart nummer fire. Han fekk totalt tre strafferundar og var 2 min 44 sek etter vinnaren i mål.

I klasse M20-21 gjekk Johan Eirik Meland til topps. Han fekk berre ein strafferunde og var i mål etter 21 min 35,5sek.

Også i dei yngre klassane vart det fleire klassesigrar og pallplassar til deltakarar frå Markane. Anne-Marie Roset vann klasse J15år medan Magnus Midthjell Gjørven gjekk heilt til topps i G14. Oskar Guddal Breivik vann klasse G13 med Sigurd Fotland Fænn på andreplass. Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nummer to i klasse G15. Sidan vinnaren av klassa kom frå Molde (Region Midt) vart det også LM-tittel til Simon. Aksel Mathias Meland vart nummer to i klasse G16. Andreplass vart det også til Gaute Bø i klasse M18 medan Håkon Midthjell Gjørven vart nummer tre i klasse M17.

Totalt 36 løparar deltok for Markane på sprinten. Alle resultat er å finne i resultatlista nedanfor. Fleire foto frå sprinten er lagt ut nedanfor. Fotografar er Margunn Hjelmeset og John Roger Meland

Resultatliste Bendit rulleskifestival sprint_060914.

Johannes, Tarjei, Jarle og Johan Eirik saman med Hallgeir Nygård og Sven Flo. Foto: John Roger Meland

Hallgeir Nygård (MIL) og ordførar Sven Flo saman med Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø, Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland. Dei fire skiskytterane vart heidra med gåver for å vere gode ambassadørar for både Markane IL og Stryn kommune. Foto: John Roger Meland

 

 

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margun Hjelmeset




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline