Tverrfjellet 21.8.2014:

Postet av Markane IL den 22. Aug 2014

Resultat frå nær-o-løp 6/lagsmeisterskap MIL

 Vigdis Sætren vart lagsmeister for damer. Foto: Heidi Lise Bakke, 2008

Vigdis Sætren var raskast gjennom den 3,5 km lange A-løypa og vart lagsmeister for damer 2014. Foto: Heidi Lise Bakke, 2008

Sesongens sjette og nest siste nær-o-løp vart arrangert med start frå Badedammen på Tverrfjellet. Løypeleggjarar var Kåre Bøe og Grete Zachariassen. Løpet var også årets lagsmeisterskap i orientering for Markane IL.

I alt 31 løparar stilte opp i løpet. Av desse representerte 24 Markane IL. Som vanleg var det flest deltakarar i nybyrjarløypa der 16 deltakarar var med.

I konkurranseklassane var det siger til Vigdis Sætren frå Markane IL. Ho orienterte seg gjennom den 3,5 km lange A-løypa på 32 min 57 sek. Nummer to vart Ingeborg Skogen som var i mål på 36 mim 31 sek. Åshild Sætren Bøe frå Markane IL kom på tredjeplass med 37 min 15 sek. I alt fullførte 11 deltakarar den kortaste A-løypa.

I den lengste A-løypa på 5,7 km gjekk sigeren til Anders Bergset frå IL Veten på 52 min 52 sek. Nils Heggdal kom på andreplass med 62 min 55 sek medan Kjell Ove Bergset frå IL Veten vart nummer tre med 83 min 41 sek.

Følgjande fire vart lagsmeistrar for Markane IL 2014:

Lagsmeister damer: Vigdis Sætren, lagsmeister herrer: Nils Heggdal, lagsmeister damer veteran: Aslaug Thingnes Bø og lagsmeister herrer veteran: Klemet Bø.

Før det siste løpet har alt 17 løparar sikra seg årets samanlagtpremie med deltaking i minst fire løp. Endå 9 løparar har sjansen til å sikre seg premie for sesongen, men må då hugse på å stille opp i sesongavslutninga. Nær-o-løp sesongen vert avslutta torsdag 28. august med IL Von som arrangør.

Resultat frå nær-o-løp nr 6 Arrangør Markane IL Dato 21.8.2014.

Samanlagtliste nær-o-løp 2014 løp 1-6.

Anders Svarstad Hole. Foto: Margunn Hjelmeset, 2014

Anders Svarstad Hole var rask gjennom N-løypa. Foto: Margunn Hjelmeset


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.