Blinkfestivalen 31.7.2014:

Postet av Markane IL den 31. Jul 2014

5. og 6. plass til Tarjei Bø og Johannes Th. Bø i Lysebotn Opp

 Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjorde god innsats i Lysebotn Opp 2014. Foto: Fjordingen, 2013

 Årets Blinkfestival er i gong. Første konkurranse var rulleskiløpet Lysebotn Opp. Størsteparten av eliten både frå ski og skiskyting var på plass. Også fleire internasjonale løparar stilte opp i den krevjande løypa på 7 km som går bratt opp frå Lysebotn til Ørneredet, 640 meter over havet.

Både Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø var på startstreken i dag. Dei var med i det fremste feltet på om lag ti løparar heile vegen mot toppen.

 Maurice Magnificat frå Frankrike gjekk tidleg frå resten av frontfeltet. Han klarte og halde leiinga heilt i mål sjølv om Martin Johnsrud Sundby og Sjur Røthe tok mykje inn på slutten. Sundby var 6,5 sek bak vinnaren i mål og tok andreplassen. Røthe var 14,4 sek etter og vart nummer tre. Simen Andreas Sveen frå Ring IL kom på fjerdeplass 53,1 sek etter vinnaren.

Så var det klart for dagens brødreduell. Tarjei var i føringa opp motbakkane og klarte akkurat å halde unna for Johannes i mål. Dermed vart det femteplass til Tarjei 1 min 10.5 sek etter vinnaren medan Johannes tok sjetteplassen berre 1.5 sek etter Tarjei.

I morgon er det klart for fleire dueller. Då held Blink-festivalen fram med rulleskiskyting.

Resultat Menn senior Lysebotn opp 31.7.2014.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline