Hornindal 5.7.2014:

Postet av Markane IL den 5. Jul 2014

Gunn Skrede vinnar av halvt løp i Hornindal Rundt!

Gunn Skrede. Foto: Hornindal Rundt 2013

Gunn Skrede tok ein klar siger i Hornindal Rundt -halvt løp. Foto: Hornindal Rundt 2013

Gunn Skrede frå Markane IL tok ein klar siger i det halve løpet på 38 km under Hornindal Rundt 2014. Ho var i mål 7 t 12 min 38 sek og med det heile 1 min 40 sek føre nummer to som vart Anne Grethe Lien frå Askvoll og Holmedal IL med 7 t 14 min 18 sek. Joanna Grønstad frå Aktiv trening tok tredjeplassen med 7 t 21 min 21 sek. Ann Kristin Grodås som stilte for Aktiv trening kom på ein 16. plass med 7 t 53 min 48 sek. I alt 63 løparar deltok i halvt løp for damer.

Arve Rindal frå Eid IL vann klart halvt løp for herrar med tida 4 t min 53 min 29 sek. Robert Sogge frå Ekones BIL kom på andreplass med 5 t 18 min 10 sek og Rune Venøy  frå Aktiv trening Eid vart nummer tre med 5t 20 min 14 sek. Sjur Ole Svarstad frå Markane IL kom på ein god 14.plass med  6 t 13 min 40 sek. Jan Egil Gjørven vart nummer 53 med 8 t 33 min 36 sek. I alt 93 deltakarar var påmelde i halvt løp for herrar.

I klassa for heilt løp hadde Markane ein deltakar.  Anders Vonheim kom på 16. plass etter å ha fullført 78 km på 13 t 18 min 9 sek. Vinnar av heilt løp vart Lars Erik Skjervheim frå Voss som sette ny løyperekord med 8 t 52 min 30 sek.

Vinnar av dameklassa for heilt løp vart Ulrika Rogeman frå Why not run som var i mål på 13 t 2 min 45 sek. Også dette er ny rekord.

Meir om årets Hornindal Rundt på løpet si heimeside.

Resultatliste Hornindal Rundt 5.7.2014




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline