Tur-o 2014:

Postet av Markane IL den 21. Jun 2014

Turorienteringssesongen

Turorienteringslogo

Turorienteringssesongen er i gong.

Turorientering er eit flott tilbod til alle som likar turar i skog og mark, og alle kan delta enten ein orienterar åleine eller saman med vener og familie. Turorientering er også eit godt høve til å lære seg å bruke kart og kompass.

Det er i år hengt opp totalt 28 postar med varierande vanskegrad. Kvar konvolutt inneheld to kart, eit for Tverrfjellet og eit for Maursetområdet.

 

Maurset

Her er hengt opp 10 postar. Ullsheim er eit mogleg utgongspunkt for turen. OBS! Desse postane heng berre oppe til 25. august!

Tverrfjellet

Her er det sett opp 18 postar. Utgongspunkt for turen kan vere Skisenteret, Tonningssetra eller Tverrfjellet. HUGS det er bomveg både til Tonningssetra og Tverrfjellet. Postane heng ute til 1. oktober.

Prisar: Ein deltakarkonvolutt kostar kr 120,-.

Ekstra klippekort kr. 10,- Ekstra kart kr. 20,- 

I tillegg til at ein kan oppnå gull-, sølv- eller bronsemerke er alle som leverer klippekort med i trekninga av ein ekstrapremie. Denne vert delt ut på årsfesten i oktober/november.

Årets tur-o konvoluttar er i salg hjå: Sport1 Ytreeide, G-sport Stryn, Esso Stryn bensinstasjon og Statoil Langeset.

Klippekorta skal leverast til Åshild Sætren Bøe så snart som mogleg etter sesongslutt!

Ved spørsmål om turorienteringa ta kontakt med turorienteringskontakt Åshild Sætren Bøe på tlf 91 78 14 50!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline