Setretrimmen 2015

Postet av Markane IL den 6. Nov 2015


Resultata frå årets Setretrim er klare. I utgongspunktet inngår ni setrar i setretrimmen: Florehytta, Jutdalsetra, Gråberg, Faleidestøylen, Maursetsetra, Grendasetra, Øyesetra og Holsetra. Sidan boka på Maursetsetra forsvann i sommar, er resultata baserte på dei åtte andre setrane.

Flest poeng fekk Aud Gjendem Gjørven med totalt 289. Ho var dermed også i år vinnar av kvinneklassa. Per Jakob Kyrkjeeide vann herreklassa med 157 poeng. Simon Hjelmeset Kirkeeide (foto) vann klasse G13-17 med 31 poeng medan Sofie Gjøvåg Heggestad vann J13-17 med 16 poeng. I klassa jenter 7-12 år gjekk Maren Hjelmeset Kirkeeide til topps med 33 poeng. Magnus Johan Bøe vann G7-12 år med 39 poeng. I yngste klasse for jenter 0-6 år vann Ane Hjelmeset Kirkeeide med 41 poeng medan det vart delt førsteplass i gutar 0-6 år mellom Jesper Svarstad Hole og Noah Seljeset Svarstad med 7 poeng. Alle vinnarane fekk trimtroll på premiefesten.

Komplett resultatliste er lagt ut nedanfor. For dei vaksne er det teke med dei som hadde minst 10 poeng.

Resultatliste for Setretrim 2015.pdf




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc