19. og 22.plass på normaldistansen

Postet av Markane IL den 4. Des 2015

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til 19. plass i det første individuelle rennet i verdscupen. Tarjei Bø kom på 22. plass. Begge held god fart i løypa på normaldistansen i Östersund, men ingen av dei hadde heilt dagen på standplass. Johannes skaut på seg tre tilleggsminutt medan Tarjei måtte tåle fire minutt i tillegg.

Dagens vinnar vart Ole Einar Bjørndalen som skaut fire fulle hus og vart 27 sek føre andremannen tyske Simon Schempp i mål. Alexey Volkov kom på tredjeplass.

Verdscupen held fram med sprint på laurdag.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc