Skaut vekk sigeren på siste skyting

Postet av Markane IL den 16. Jan 2016

Johannes Th. Bø kjempa om sigeren på normaldistansen heilt til det kom tre bom på siste skyting.

Johannes skaut godt på dei tre første skytingane på normaldistansen og hadde berre eitt tilleggsminutt totalt. Med det leia han ut frå tredje skyting med nokre sekunds margin til franske Martin Fourcade. Men på den siste og avgjerande skytinga kom heile tre tilleggsminutt. Dermed enda det med ein 16.plass, 2 min 56 sek etter Fourcade som vann. Simon Eder frå Austerrike kom på andreplass medan russiske Anthon Shipulin vart nummer tre.

Tarjei Bø fekk eit tilleggsminutt på andre og eit på fjerde skyting. Det heldt til ein 11.plass, 2 min 20 sek etter vinnaren.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc