Fire frå MIL vart vestlandsmeistrar i skiskyting

Postet av Markane IL den 19. Jan 2016

Pallen i G14. Frå venstre: Eirik Hjartnes frå Hålandsdalen IL, Oskar Guddal Breivik frå Markane IL og Bendik Vereide frå Stårheim IL. Foto: Markane IL

Oskar Guddal Breivik (normal), Kari Alsaker (sprint), Emilie Flo Stavik (sprint) og Simon Hjelmeset Kirkeeide (sprint) vart alle vestlandsmeistrar for Markane IL i skiskyting på Voss i helga. I tillegg vart det mange pallplassar og gode plasseringar på begge distansar.

På første konkurransedag var det normaldistanse på programmet. Oskar Guddal Breivik gjekk her heilt til topps i klasse G14. Han fekk totalt fire bom på standplass, men høg fart i løypa sikra likevel sigeren 3 sek føre Bendik Vereide frå Stårheim som hadde ein bom mindre. I same klasse vart det 9. plass til Sigurd Fotland Fænn.

I klasse J13 vart det bronse til Emilie Flo Stavik medan Maren Hjelmeset Kirkeeide vart nummer fire. Dei var høvesvis 49 sek og 1 min 24 sek etter klassevinnar Ingvild Kvåle frå Kvam langrenn og skiskyttarklubb.

I klasse G16 heldt Simon Hjelmeset Kirkeeide høg fart i sporet og sikra seg bronse sjølv om det vart sju bom på standplass. Klassevinnar vart Magnar Lødemel frå Hornindal som skaut feilfritt og tok ein klar siger.

I klasse G15 vart det bronse til Magnus Midthjell Gjørven. Med to bom var han 1 min 53 sek etter klassevinnar Magnus Seljeset frå Hornindal. Andreplassen gjekk til Martin Aaland frå Hardbagg IL, 1 min 2 sek etter vinnaren.

I klasse J16 vart det sølv til Kari Alsaker som skaut fullt hus og berre var 37 sek etter vinnaren Katarina Aarseth frå Hålandsdalen. I same klasse vart det bronse til Anne Marie Roset, 2 min 14 sek etter med seks bom.

På søndagen var det klart for sprint. Denne dagen fekk Markane tre vestlandsmeistrar. Emilie Flo Stavik gjekk til topps i klasse J14. Sjølv om det vart sju rundar, var ho 51 sek føre Ingvill Lilletveit Kvåle frå Kvam L&SK. Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på fjerdeplass, 1 min 8 sek etter vinnaren med seks rundar.

Kari Alsaker vart vestlandsmeister i J16. Ho hadde ein bom på kvar av skytingane og var med det 13 sekund føre Lisa Barmen Stein frå Fana IL som hadde tre bom. I same klassa vart Anne Marie Roset nummer fem. Ho var 1 min 7 sek etter vinnaren med seks rundar.

Simon Hjelmeset Kirkeeide vann vestlandsmeisterskapen i klasse G16. Han skaut to fulle hus og var med det 1 min 1 sek føre Magnar Lødemel frå Hornindal som hadde ein strafferunde.

I klasse G14 kom Oskar Guddal Breivik på ein sjetteplass med seks rundar og Sigurd Fotland Fænn på ein niandeplass med fem rundar. Dei var høvesvis 1 min 25 sek og 1 min 59 sek bak klassevinnaren Lasse Flo Bødal frå Stårheim IL som hadde tre bom.

I klasse G15 kom Magnus Midthjell Gjørven på ein sjetteplass med tre bom totalt. Han var 2 min 51 sek etter vinnaren Magnus Seljeset frå Hornindal som berre hadde ein bom.


Resultat Vestlandsmeisterskapen på Voss normaldistanse 16.1.2016

Resultat Vestlandsmeisterskapen på Voss sprint 17.01.2016




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc