Johannes Thingnes Bø til topps i Presque Isle

Postet av Markane IL den 12. Feb 2016

Johannes Thingnes Bø

Johannes Thingnes Bø gjekk eit flott løp frå start til mål og tok ein suveren siger på sprinten i Presque Isle i USA torsdag 11.februar.


Johannes heldt høg fart på førsterunden, og gjekk ut i leiinga etter første skyting der han slo til med fullt hus. Med høg fart også på mellomrunden var han også i teten då han kom inn til ståandeskytinga. Med kontrollert skyting vart det også her fem treff.

På sisterunda auka Johannes leiinga til andremann Anton Shipulin til 28 sekund. Martin Fourcade tok tredjeplassen, med ein bom på ståandeskytinga var han 29 sek bak Johannes i mål.

Tarjei Bø heldt ikkje like høg fart som broren i sporet. Han skaut fullt på liggande, men fekk ein bom på ståande. I mål var han 58,9 sekund bak Johannes og tok 8. plassen.

Både Johannes og Tarjei har dermed eit godt utgangspunkt framfor jaktstarten, som går i morgon fredag.

Foto: NSSF



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline