Andreplass til Johannes Th. Bø på jaktstarten

Postet av Markane IL den 12. Feb 2016

For andre dag på rad vart det pallplass for Johannes Thingnes Bø i Presque Isle. Etter siger i går på sprinten vart det andreplass på dagens jaktstart.

Johannes gjekk ut på jaktstarten med 28 sek leiing til Shipulin og 29 sek til Fourcade. Sjølv om Johannes fekk ein bom på første liggjande, gjekk han ut med klar leiing. På andre og tredje skyting vart det to fulle hus på Johannes. Inntil siste skyting hadde han 44 sekund leiing på Fourcade, men på siste skyting vart det to bom i vindkasta i Presque Isle. Fourcade kom seg gjennom siste skyting feilfritt og gjekk dermed ut på sisterunden i tet.

I mål skilde det 21 sek frå Johannes fram til Martin Fourcade som vann. Anthon Shipulin vart nummer tre.

Tarjei Bø gjekk ut på dagens jaktstart på ein åttandeplass. På første skyting vart det ein bom og ladetrøbbel dermed hamna han eit stykke bak i feltet. I tillegg vart det to bom på kvar av dei ståande skytingane. Dermed vart det ein 19.plass på jaktstarten.

Erlend Bjøntegaard vart nest beste norske med ein 5.plass.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.