2xBø gjekk stafettlaget fram til verdscupsiger

Postet av Markane IL den 16. Feb 2016

Norge tok tilslutt ein klar siger på verdscupstafetten i skiskyting i Presque Isle i kveld, med brørne Bø på dei to siste etappane.

Norge og Lars-Helge Birkeland fekk ein dårleg start med tre bom på liggande skyting. På ståande gjekk det mykje betre med fullt hus, men likevel vart det berre ein 12. plass til veksling, heile 50 sekund bak leiande Tyskland. Erlend Bjøntegaard skaut to fulle hus og gjekk Norge opp på 5. plass. Han tapte nokre sekund i løypa og sende Johannes Thingnes Bø ut på tredje etappe 51 sekund bak Sveits som no hadde leiinga.

Johannes gjekk godt i løypa og tok inn 10 sekund på Sveits den første halvannan kilomenteren. Sveitsiske Dolder fekk store problem på første skyting og måtte gå ein strafferunde. Johannes måtte bruke to ekstraskot og gjekk ut på fjerde plass, 18,8 sekund bak leiande Italia.

Han gjekk raskt opp i rygg på Frankrike og Russland som låg på andre og tredje plass, og inn til skyting kom dei fire første laga praktisk talt likt. Russiske Malyshko fyllte alle blinkane, men med eitt ekstraskot var Johannes berre seks sekund bak ut frå skyting. Frankrike gjekk ut seks sekund bak Norge igjen.

Tarjei Bø og russiske Maxim Svedkov gjekk likt ut på siste etappe. Frankrike hadde tapt i løypa, og Beatrix gjekk ut 13,4 sekund bak dei to leiande laga.

Tarjei sette opp eit høgt tempo, og russaren måtte sleppe etter omlag 1,5 kilometer.

Etter ei glimrande liggandeskyting gjekk ut Tarjei Bø åleine, 26,7 sekund før Fraknkrike, som også hadde fullt hus. Russland følgde på tredje, 46,7 sekund etter Norge.

På ståandeskytinga vart det eitt ekstraskot. Tarjei gjekk ut med ei leiing på 14 sekund til franske Beatrix. Denne avstanden greidde Frankrike aldri å knappe inn på. Tvert imot hadde avstanden auka til det doble ein kilometer før mål, og til slutt vart det eit halvt minutt. Tyskland tok tredjeplassen.

Med sigeren overtok Norge også leiinga i verdscupen i stafett.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline