3 X Markane til topps på Dombås

Postet av Markane IL den 21. Feb 2016

Simon Hjelmeset Kirkeeide, Aksel Mathias Meland og Johan Eirik Meland (foto) gjekk alle inn til klassesigrar under Østlandsmesterskapet på Dombås. I tillegg vart det tredjeplass til Jarle Midthjell Gjørven.

Det vart dermed ei svært god helg for Markane IL sine fire deltakarar i ØM på Dombås i helga og om vel ein månad er det klart for NM i dei same løypene.

Klassane til og med 16 år gjekk normaldistanse. Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til klassesiger i G16 med to tillegg på standplass var han 9 sek føre Magnus Moan frå Røros som hadde tre tillegg. Tredjeplassen gjekk til Martin Bøe Svestad frå Fossum IF som med feilfri skyting var 21 sek etter Simon. I alt 45 løparar deltok i 16-årsklassa.

Aksel Mathias Meland gjekk inn til siger i M17 fellesstart. Det starta ikkje heilt bra på standplass med fire bom på første skyting, men med skyteseriane 2-1-0 på dei tre siste skytingane heldt det til ein klar siger, 1 min 10 sek føre Hermann Stensby frå Hernes IL. Også Stensby fekk sju bom totalt.

Johan Eirik Meland vann klassa for menn senior fellesstart. Med totalt tre bom på dei fire skytingane var han 21 sek raskare enn Øystein Ulekleiv frå Dombås IL som hadde seks bom. Jarle Midthjell Gjørven sikra at det vart to markarar på pallen. Han vart nummer tre 29,7 sek etter Johan Eirik, også han med tre strafferundar.

Foto: Nordfjord Team (2015)

Resultat ØM skiskyting normal fellesstart Dombås 21.02.2016.pdf


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline