Resultat frå jr. NM/DNB-cup sprint

Postet av Markane IL den 28. Feb 2016

Jarle Midthjell Gjørven gjorde det best av deltakarane frå Markane på dag to i Trondheim med ein 22.plass i DNB-cup sprint menn senior.

Med berre ein bom på den liggjande skytinga var han 2 min 16 etter dagens vinnar Andreas Dahlø Wærnes frå Trondhjems skiskyttere som skaut feilfritt. Wærnes vann klassa nokså suverent 42 sek føre Kristoffer Langøien Skjelvik frå Os IL. Tredjeplassen gjekk til Bjarte Solvang frå Hålandsdal IL, 1 min 2 sek etter vinnaren med ein bom.

Johan Eirik Meland gjekk inn til ein 31.plass. Han hadde ein bom på kvar av skytingane og var 2min 45 sek etter klassevinnaren i mål.

I klasse M17 kom Aksel Meland på ein 29.plass. Dermed heldt det akkurat til ein premieplass sjølv om det vart fem strafferundar og 3 min 20 sek etter klassevinnaren Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL som berre hadde ein bom.

Georg Kristian Halsteinslid kom på ein 31.plass i M20-21. Han hadde ein bom på den ståande skytinga og var 3 min 55 sek etter vinnaren Sindre Pettersen frå Nittedal. NM-sølvet gjekk til Isak Flo Bødal frå Stårheim IL, 12 sek etter gullvinnaren. Både Pettersen og Bødal hadde ein strafferunde. På tredjeplass kom Martin Ponsiluoma frå Tullus SG som med to fulle hus var 31 sek etter vinnaren.

Grim Nygård var best av deltakarane i M18. Han hadde to bom på ståande og gjekk inn til ein 46.plass, 3 min 30 sek etter klassevinnar Mathias Skrede frå Geilo IL. Erlend Bakken kom på ein 53. plass, med fem strafferundar var han 3 min 44 sek etter vinnaren. Håkon Midthjell Gjørven var nr 55. Med fire strafferundar var han 3 min 51 sek etter klassevinnaren. Odd Sindre Tonning vart nr 66 og Andreas Halsteinslid kom på 68.plass. Begge hadde fem strafferundar og var høvesvis 4 min 42 sek og 4 min 53 sek etter vinnaren.

Junior-NM vert avslutta i morgon med stafettar.

Resultatliste NM sprint jr og DNB cup 6 senior Trondheim 27.02.2016.pdf





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline