Stafettresultat frå jr.NM i Trondheim

Postet av Markane IL den 29. Feb 2016

Junior-NM i Trondheim vart avslutta med stafettar. Best plassering av laga frå Sogn og Fjordane fekk K17-18 laget med ein femteplass.

På dette laget gjekk: Ingrid Gausemel frå Hornindal, Elise Skeide Bakke frå Eid IL og Maria Munch Starheim frå Stårheim. (Foto: Nordfjord Team)

Markane hadde seks løparar på ulike lag i stafetten. Best plassering vart det for Håkon Midthjell Gjørven som gjekk ankeretappen på M17-18 laget som kom på 11.plass. Med seg på laget hadde han Lars Erik Telset frå Volda T&IL, Isak Hopland frå Hardbagg IL og Vegard Skrede frå Hardbagg. Totalt vart det ei strafferunde. I mål skilde det 7 min 44 sek til vinnaren Oslo og Akershus som også hadde ei strafferunde. På Sogn og Fjordane 2 gjekk det berre markaneløparar. Laget vart nr 23. Her gjekk Erlend Bakken, Grim Nygård, Andreas Halsteinslid og Odd Sindre Tonning. Alle frå Markane IL. Dei var 16 min 5 sek etter klassevinnaren

Klasse M17-21 år vart også vunne av Oslo og Akershus. Laget frå Sogn og Fjordane gjekk inn til ein syttandeplass. Dei var 8 min 19 sek bak vinnarlaget. På dette laget gikk Isak Flo Bødal frå Stårheim, Georg Halsteinslid frå Markane IL, Trygve Aaland Tryggestad frå Sunnylven IL og Sivert Myrold frå Stårheim. Dei kom seg gjennom alle fire etappane utan strafferunder.

Klasse K 17-21 vart vunnen av laget frå Nord Østerdal. Laget frå Sogn og Fjordane vart nr 18. I mål var dei 11 min 06 sek etter å ha fått totalt åtte strafferunder. På laget gjekk Mari Sollid Eide frå Stårheim, Sigrid Flo Bødal frå Stårheim og Karoline Erdal frå Førde IL.


Resultatliste jr NM stafettar Trondheim 28.2.2016.pdf





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.