Fem klassesigrar i SSF-cupfinalen

Postet av Markane IL den 6. Mar 2016

Sju deltakarar frå Markane oppnådde pallplass då finalen i SSF-cup vart arrangert på Tua 5.mars. Fem av desse tok sigeren i sine klassar og i tillegg kom ein andre- og ein tredjeplass.

Det siste rennet i SSF-cupen gjekk i fri teknikk og var arrangert av Eid IL på Tua.

I den yngste klassen vart det siger til ein MIL-deltakar både i jente- og guteklassa. Torje Seljeset gjekk til topps i G11. Han fullførte den to kilometer lange løypa på 5 min 51 sek og var dermed 33 sek føre nr 2, Tørres Bjelland Nøstdal frå Eid IL. Tredjeplassen gjekk til Mathias Rauset frå Fjellhug Vereide, 36 sek etter.

I J11 gjekk Oddrun Hjelmeset Kirkeeide heilt til topps. Ho var i mål på 7 min 4 sek og var med det 34 sek føre nummer to i klassa Guri Line Brekke frå Førde IL. Tredjeplassen gjekk til Frøya Haughovd frå Stårheim IL på 7 min 44 sek.

I klasse J13 vart det nok ein gong dobbelsiger til Markane. Emilie Flo Stavik (foto) vart klassevinnar etter å ha fullført 3 km på 10 min 13 sek. Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass med 10 min 48 sek. Tredjeplassen i klassa gjekk til Louise Tveito frå Kaupanger IL på 11 min 26 sek.

Oskar Guddal Breivik sikra seg tredjeplassen i klasse G14 etter å ha gått i mål på tida 9 min 24 sek. Han var berre fem sekund bak Lasse Flo Bødal frå Stårheim som kom på andreplass. Klassesigeren gjekk til Thristan Engebø Ullebø frå Førde IL på 9 min 9 sek.

Simon Hjelmeset Kirkeeide tok ein klar siger i klasse G16. Han fullførte dei fem kilometerane på på 11 min 51 sek og var med 50 sek føre andremann Eskil Hov frå Kaupanger IL. Tredjeplassen gjekk til Kent Ove Sæten på 12 min 59 sek.

I klassen for menn senior gjekk sigeren til Anders Vonheim. Han gjekk 10 km på 25 min 4 sek. Kjetil Husevåg Strømmen frå Førde IL gjekk inn til andreplass med 26 min 38 sek. Tredjeplassen gjekk til Johnny Saure Riise frå Hovdebygda med 28 min 18 sek.

I klasse M18 hamna Grim Nygård og Håkon Midthjell Gjørven rett utanfor pallen. Dei gjekk i mål etter ti km på tidene 27 min 45 sek og 27 min 54 sek. Dette heldt til ein 4. og ein 5. plass. Klassevinnar vart Isak Hopland frå Hardbagg IL på 25 min 1 sek.

I dei yngste urangerte klassane gjorde Inger Hjelmeset eit godt løp i J10 då ho fullførte 2 km på 2 min 43 sek.

Komplett resultatliste frå SSF-cup finalen nedanfor:

SSF Cup Finale 05 03 2016.pdf




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.