VM-gull til Johannes Thingnes Bø på fellesstarten!

Postet av Markane IL den 13. Mar 2016

Johannes Thingnes Bø avslutta VM på best mogleg måte og tok gull på fellesstarten!

Han starta løpet perfekt med å skyte ned alle fem blinkane og var med i tetklynga alt ut frå første liggande. Tarjei Bø fekk ein bom og måtte ta ein runde i strafferunda. Det same måtte Martin Fourcade. I løpet av runden hadde Tarjei gått seg opp igjen til tetklynga, som kom samla inn på standplass.

Også på den andre skytinga vart det fullt hus på Johannes medan Tarjei fekk ein bom. På andrerunden gjekk Johannes opp i tet og fekk ei luke til resten av tetgruppa. På første ståande vart det ein hårfin bom på siste skotet. På grunn av forspranget var han likevel berre åtte sekund bak teten ut frå skyting.

Etter halvgått runde var han igjen oppe blant ei tetgruppe på åtte løparar. Midtvegs i runden fekk Martin Fourcade ei luke og kom åleine inn på standplass til siste skyting for å prøve å ta sitt fjerde individuelle VM-gull i Holmenkollen. Fourcade skaut nok ein gong fullt hus. Det same gjorde både Ole-Einar Bjørndalen og Johannes. Avstanden frå Johannes opp til Fourcade var 7 sekund.

Tarjei skaut fullt på begge ståandeskytingane, men hadde fått for lang avstand opp til teten til å kunne kjempe om medaljene. Ut frå skyting låg han på 9. plass, men sette opp stor fart og avanserte oppover i feltet. Avstanden opp til pallen var for stor, men han hadde dagens beste langrennstid og gjekk inn til ein sterk 6. plass.

Johannes tok igjen Fourcade midtvegs i sisterunden. Fourcade la seg i ryggen på Johannes og prøvde å passere Johannes på indresving, utan hell. Duellen vart ikkje avgjort før Johannes smatt forbi Fourcade i siste svingen og kom først inn på oppløpet Dermed gjekk Johannes i mål som VM-vinnar til jubel frå fullsette tribuner i Holmenkollen. Sølvet gjekk til Martin Fourcade medan Ole Einar Bjørndalen sikra bronsen.

Vi gratulerer med VM-gull!


Foto: Ingrid Kvåle Faleide




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.