Ny pallplass til Johannes Thingnes Bø

Postet av Markane IL den 23. Mar 2016

Det vart ein ny pallplass på Johannes Thingnes Bø då han gjekk seg opp til ein andreplass i dagens jaktstart i Khanty-Mansiysk.

Johannes gjekk ut som nr. 7. Han var 1 min 2 sek bak gårsdagens vinnar Julian Eberhard. Med høg fart i sporet og tre fulle hus gjekk Johannes ut i tet etter tre skytingar, tett følgt av tyske Simon Schempp.

På siste skyting fekk Johannes ein bom, men det gjorde også dei som låg rett bak han i løypa, Schempp, Lesser og Landertinger. Johannes kunne dermed gå ut i tet også etter siste skyting. Schempp var tre sekund bak, deretter kom Lesser og Weger.

Simon Schempp hadde svært god glid, var snart oppe i ryggen på Johannes. Han sette inn eit lite rykk og fekk ei luke i dei lettare partia på sisterunda og gjekk dermed i mål til siger. Dermed vart det andreplass til Johannes denne gongen.

Også Tarjei Bø gjekk ei svært godt løp og avanserte kraftig oppover listene. Med høg fart i sporet, to fulle hus på dei to første skytingane og ein bom på kvar av dei to siste gjekk han seg opp frå 35. til 12. plass.

Foto: Trude Furuly




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline