4., 5. og 9. plass i Nove Mesto

Postet av Markane IL den 29. Des 2016

Johannes Thingnes Bø sikra seg tre nye gode plasseringar under årets tredje verdscuphelg i Nove Mesto med 4., 5. og 9.plass.


Johannes innleia verdscupdagane i Nove Mesto med å bli nummer fire på sprinten. Med ein bom totalt var han berre 10.6 sek etter vinnarne Martin Fourcade frå Frankrike. Andreplassen gjekk til Anthon Shipulin, 1.6 sek etter vinnarne medan Emil Hegle Svendsen sikra seg tredjeplass, 6.4 sek etter vinnaren.

På jaktstarten hang Johannes med i teten med berre ein bom på dei tre første skytingane, men med to bom på siste skyting forsvann sjansen til ein ny pallplass. Fourcade sikra seg nok ein siger, 30,8 sek føre russiske Shipulin. Fillon Maillet frå Frankrike sikra tredjeplassen 38 sek etter vinnaren medan Johannes gjekk inn til femteplass, 1 min 2 sek etter vinnaren.

I det siste rennet før juleferien vart det ein niande plass til Johannes. Han fekk totalt tre bom på fellesstarten og gjekk i mål 19,8 sek etter vinnaren Martin Fourcade. Andreplassen gjekk til Simon Schempp medan Babikov tok tredjeplassen.

Verdscupen held fram 5.januar i Oberhof.



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline