Resultat frå sesongens tredje cuprenn 2.2.2017
Postet av Markane IL den 5. Feb 2017
Her er resultatlista for sesongens tredje cuprenn. Rennet gjekk i fri teknikk og samla 71 deltakarar. I samband med rennet vart også 70 års dagen til Eldbjørg Hatledal markert.
Som vanleg var det best deltaking i dei yngste klassane som ikkje er rangerte. 23 deltok i klassa for dei på 8 år og yngre medan 11 stilte opp i 9-10 års klassa.
I klassa for jenter 11-12 år vann Inger Hjelmeset med eitt sekunds margin til Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. I alt 9 jenter deltok. Torje Seljeset (arkivfoto) gjekk til toppsi G11-12.
Emilie Flo Stavik vann jenter 13-14år og Håvard Sætre gjekk til topps i G13-14. I klassa for gutar 15-17 var Simon Hjelmset Kirkeeide raskast medan Anne Marie Roset vann J15-17. I klassa for menn 18 år og oppover gjekk klassesigeren til Aksel Mathias Meland medan Elise Skeide Bakke vart klassevinnar i kvinner 18 år og oppover.
Komplett resultatliste for rennet finn du her:
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024