Takka for stor innsats gjennom mange år

Postet av Markane IL den 2. Jan 2024

I samband med årsmøtet i Markane IL gjekk nokre av dei som har vore med i gruppestyra ut av verva sine for denne gong. Av desse hadde tre vore med heilt (eller nesten) samanhengane i verv sidan førre årtusen: Margunn Hjelmeset (t.v), Sigbjørn Fænn og Aslaug Thingnes Bø.

Aslaug Thingnes Bø kom inn som medlem i friidrettsgruppa hausten 1993 og vart leiar der i perioden 1995-1999. Etter ein liten pause var ho tilbake i orienteringsgruppa frå 2004-2008, for så å bli leiar på nytt for friidrett i 2009-2014. I perioden 2019-2013 har ho vore medlem i orienteringsgruppa.

Margunn Hjelmeset kom inn som medlem i skigruppa frå 1996-1997 og vart sekretær i skigruppa frå 1998-2002.  Hausten 2007 vart ho leiar i Barneidrettskulen og har vore med som kontaktperson her fram til hausten 2023 sjølv om her siste åra ikkje har vore aktiv drift. I 2010 vart ho også medlem av skigruppa og har vore med der heilt fram til hausten 2023.

Sigbjørn Fænn kom inn som medlem i trimgruppa hausten 1997 og vart leiar i gruppa frå hausten 1999 til hausten 2010. I perioden hausten 2010 til hausten 2023 gjekk han over til å vere leiar i skigruppa. I tillegg var han 2.vara til hovudstyret hausten 2011-2012, 1.vara til styret 2012-2014, styremedlem 2014-16 og nestleiar frå 2016-2020. Dermed har han hatt eit eller fleire verv samanhengande i 26 år!

Alle desse tre vart tildelt ein blome på årsmøte for stor innsats for laget!

I tillegg var det også fem andre som har vore med bra lenge som gjekk ut av sine gruppeverv: 

Kjetil Svarstad: medlem skigruppa 2003-2005, leiar sykkelgruppa 2008-2013, medlem skigruppa 2010-2023.

John Roger Meland: sekretær/nestleiar skiskyttargruppa 2004-2023

Torstein Breivik: medlem skiskyttargruppa 2016-2023

Pål Trøsken: leiar/kontaktperson skiskyttargruppa 2019-2023

Marthe Holien Bø: medlem trim 2019-2021, leiar/kontaktperson trim 2021-2023.

I tillegg vart Sjur Ole Svarstad takka for innsatsen som leiar i laget dei siste to åra. Han gjekk av som leiar, men er med vidare som styremedlem i hovudstyret.

Stor takk til alle som har vore med å drive laget - både dei som no gjekk ut av verv for denne gongen og til dei som er med vidare.

Etter valet på årsmøtet ser samansetnaden av  styret og gruppestyra slik ut:

Styret for 2024: Antonia Karete Haugen Kongsvik (leiar), Sigbjørn Kirkeeide (nestleiar), Sjur Ole Svarstad, Monica Valvik Halsteinslid, Torbjørn Hatledal og Margrethe Garlid

Skigruppa: Samuline Beate Seljeset (leiar), Ingrid Wangensteen Flore, Ann Kristin Grodås og Stig Tisthamar

Skiskyttargruppa: Nils Heggdal (leiar), Anne Irene Teige, Svein Ove Espe og Hedda Garlid Hilde

Orienteringsgruppa: Anne Marie Svarstad (leiar), Henning Heimlid, Kristin Hatledal, Marita Sætren Bøe og Per Øen.

Gruppe for trim, friidrett og barneidrett: Renate Berstad (leiar trim), Even Nesje (Markanebadinga), Antonia Karete Haugen Kongsvik (friidrett) og Torbjørn Hatledal (kontaktperson barneidrettskulen)

Elles ligg fullstendig oversikt over alt av grupper og utval her: Styret 2024

Vi nyttar høvet til å takke alle medlemer for engasjement og innsats i året som var. 

Takk til alle som velvillig stiller opp på dugnad gong på gong. Det hadde ikkje gått utan dykk!

Vi ønskjer alle medlemer eit riktig godt år 2024!




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.