Kategori
Arkiv
12.plass på fellestarten i OL
Postet av Markane IL den 22. Feb 2026

Etter gull- sølv- og bronsemedalje tidlegare i meisterskapen vart det 12.plass på den avsluttande fellesstarten i OL til Maren Hjelmeset Kirkeeide
Med eit bomskot og dermed ein strafferunde etter første skyting, kom Maren raskt noko bak teten. På den andre liggjande skytinga kom der ein bom til, men med fullt på første ståande var likevel Maren i nærleiken av medaljane inn på siste ståande. Men med to nye bom på siste ståande vart det for langt fram til dei fremste plasseringane denne dagen. Maren gjekk til slutt på ein 12. plass. Best av dei norske vart Karoline Offigstad Knotten med ein 8. plass.
Franske Océane Michelon tok gullet føre franske Julia Simon og tsjekkiske Tereza Obornikova.
Likevel har det vore ein fantastisk OL-debut for Maren med tre medaljar, ein i kvar valør.
Vi gratulerer Maren med suveren innsats!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.