3.plass til Maren Hjelmeset Kirkeeide i HL skiskyting

Postet av Markane IL den 16. Feb 2019


Maren Hjelmeset Kirkeeide vart nr 3 på normaldistansen i HL skiskyting på Oppdal. (Foto: Fjordingen)


Med to bom (30 sekund tillegg pr/bom) var 16-åringen 43,2 sekund bak vinnaren Herborg Idland frå Figgjo som skaut feilfritt. Synne Mæland Herheim frå Geilo (to bom) vart nummer to, 19 sekund føre Maren Hjelmeset Kirkeeide.

Hedda Garlid Hilde  imponerte med feilfri skyting og vart nummer 14 medan Emilie Flo Stavik vart nr 23  etter fem bom. Alle deltok i klasse J16, som hadde over 60 deltakarar.

På sprinten laurdag vart Maren Hjelmeset Kirkeeide nr 20, Emilie Flo Stavik nr 21 og Hedda Garlid Hilde nr 22.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline