3.plass til Maren Hjelmeset Kirkeeide i HL skiskyting
Postet av Markane IL den 16. Feb 2019

Maren Hjelmeset Kirkeeide vart nr 3 på normaldistansen i HL skiskyting på Oppdal. (Foto: Fjordingen)
Med to bom (30 sekund tillegg pr/bom) var 16-åringen 43,2 sekund bak vinnaren Herborg Idland frå Figgjo som skaut feilfritt. Synne Mæland Herheim frå Geilo (to bom) vart nummer to, 19 sekund føre Maren Hjelmeset Kirkeeide.
Hedda Garlid Hilde imponerte med feilfri skyting og vart nummer 14 medan Emilie Flo Stavik vart nr 23 etter fem bom. Alle deltok i klasse J16, som hadde over 60 deltakarar.
På sprinten laurdag vart Maren Hjelmeset Kirkeeide nr 20, Emilie Flo Stavik nr 21 og Hedda Garlid Hilde nr 22.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026
Resultatliste frå sesongens 7.cuprenn
10.03.2026
Resultatliste for cuprenn nr 6 skicross
10.03.2026