Første verdscupsiger til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
Postet av Markane IL den 21. Des 2025

Etter ein fantastisk sluttspurt gjekk Maren Hjelmeset Kirkeeide inn til sin første verdscupsiger under fellesstarten i Le Grand Bornand! Vi gratulerer!
Foto (Privat/Fjordingen): Maren Hjelmeset Kirkeeide flankert av syster Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og mor Margun Hjelmeset etter sigeren
Etter å ha enda på 12.plass på jaktstarten i går var det nye sjansar i Le Grand Bornand i dag då det var klart for fellesstart på 12,5 km.
Maren fekk ein bom på den første skytinga, men etter det vart det tre fulle hus. Med god fart i løypa førte det til at ho gjekk ut på siste runden like bak franske Camille Bened.
Maren tok raskt innpå Bened, men hadde to andre franske løparar, Lou Jeanmonnot og Justine Braisaz-Bouchet rett bak seg. Dermed var det duka for spurt om sigeren der Maren viste ein sluttspurt i verdsklasse og vann sin første verdscupsiger! Franske Lou Jeanmonnot kom på andre plass og Justine Braisaz-Bouchet tok tredjeplassen
Vi gratulerer Maren med verdscupsiger!
200 000kr i gåvemidlar frå Sparebanken Norge!
Postet av Markane IL den 10. Des 2025
Sparebanken Norge overraska alle under årsmøtet tysdag 9.desember med ein gåvesjekk på 200 00kr til snøproduksjonsanlegget!! Med denne flotte gåva så er anlegget no så godt som fullfinansiert.
Foto: Målfrid Romsøe Sæten, Siri Merete Fure og Lisbet Mikkelsen frå Sparebanken Norge saman med Monica Valvik Halsteinslid frå Markane IL. (Foto: Markane IL)
Markane IL markerte også laget sine første 120-år med jubileumskake og kaffi i pausen på årsmøtet
Stor takk til Sparebanken Norge for gåva!


Arvid Dybevoll og Ann Kristin Grodås testar jubileumskaka( Foto: Markane IL)
Sakliste med vedlegg til årsmøtet i Markane IL tysdag 9.desember 2025
Postet av Markane IL den 2. Des 2025

Her er saklista med vedlegg til årsmøtet tysdag 9.desember kl.1900 på Ullsheim. Alle dokumenta kan også lastast ned frå mappa "Årsmøte i Markane IL 2025" i filarkivet.
Sakliste til årsmøte i Markane IL tysdag 9.desember 2025 kl.1900
Vedlegg sak 2: Årsmelding frå styret
Vedlegg sak 2: Årsmelding frå gruppene
Vedlegg sak 3 og sak 9: Rekneskap 2025 og budsjett 2026
Vedlegg sak 4: Rapport frå kontrollutvalet 2025
Vedlegg sak 5.1: Reperasjon av VM-figur
Vedlegg sak 5.2: Oppgradering av løpartunell og turveg vest for arena
Vedlegg sak 5.2 Kart over Ullsheim 3,7km A
Vedlegg sak 5.2 Kart over Ullsheim arena
Vedlegg sak 6: Innspel til rullering av handlingsprogrammet 2026-2029
Vedlegg sak 7: Spelemiddelsøknader 2026
Vedlegg sak 10: Val (lagt ut 09.12.2025)
I samband med at Markane IL er 120 år i år vert dette markert med innslag ved Per Hatledal om lagets historie, kake og kaffi.
Vel møtt!
Årets første cuprenn på Ullsheim
Postet av Markane IL den 2. Des 2025

Her er resultatlista frå årets første cuprenn:
Resultatliste frå cuprenn nr 1 i fri teknikk 02.12.2025
Resultata er også å finne på Eqtiming: https://live.eqtiming.com/79990#result
Meir kjem
Klart for det første cuprennet i sesongen!
Postet av Markane IL den 30. Nov 2025

Tysdag 2.desember er det klart for det første cuprennet denne sesongen! Ope for både nye og "gamle" cuprenndeltakarar. Fint om flest mogleg melder seg på gruppa til Markane IL på Facebook innan kl. 1745.
Utdeling av startnummer frå kl.1800. Første start er kl. 1830.
Dei yngste klassene startar først.
Distanse: Dei yngste går 800m. Dei frå 3.-6.klasse går 1.5 km, 7. og 8.klasse går 2.5km medan 9.klasse og oppover går 5 km.
Rennet får i fri teknikk