SSF-cup på Ullsheim 24.januar
Postet av Markane IL den 17. jan 2021

Markane IL tek over SSF Cup søndag 24. januar med krinsrenn i friteknikk på Ullsheim.
SSF Cup 24. januar skulle opphaveleg avviklast i samband med Kleivanerennet, men ut i frå ei heilheitsvurdering har Fjellhug/Vereide IL bestemt å utsette Kleivanerennet inntil vidare. Markane IL har tatt på seg å arrangere SSF Cup 24. januar.
Arrangementet inngår i SSF Cup for rekrutt (11-16 år) og vert avvikla i friteknikk.
INNBYDING TIL SSF CUP FRI TEKNIKK 24.01.2021
MERK! Føresette og støtteapparat må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Dette grunna avgrensing på maksimalt 200 personar til stades på arrangementet. Meld på i klasse «Føresette og støtteapparat».
Lenke til påmelding.
PÅMELDING PÅ MIN IDRETT (Påmelding innan torsdag 21.01 kl.2359
Smittevern:
- Har du symptom på luftvegsinfeksjon og covid-19 skal du ikkje møte opp på arrangementet.
- Ein oppmodar om at alle praktiserar god handhygiene.
- Alle skal halde avstand – hugs regelen om 1 meter avstand.
- Det er ikkje høve til å opphalde seg inne i klubbhuset/kafeen eller arenabygget.
- Alle (funksjonærar, deltakarar og føresette) må registrere seg ved ankomst Ullsheim (i samband med parkering).
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026