Fleire lokale topp-ti-plasseringar på NC fellesstart
Postet av Markane IL den 11. mar 2023

ASKO Norgescup er i gang med fellesstart som første øving. Det vart fleire topp-ti-plasseringar til lokale løparar blant anna ein sjuandeplass til Linnea Melheim Espe (Foto Thomas Taule/Fjordingen)
Det vart ingen pallplassar for dei lokale i den første øvinga i norgescup/NM--helga på Ullsheim, men mange var med i tetkampen i sine klasser og kom inn til flotte topp-ti-plasseringar.
Linnea Melheim Espe (Markane/Stryn vgs) (på fotoet) gjekk inn til ein flott ein sjuandeplass og Eline Mathea Myren (Valldal/Stryn vgs) til ein åttandeplass i K19, Simon Hjelmeset Kirkeeide (Markane/Team Hugaas) fekk niandeplass i seniorklasse og Ask Haughovd (Stårheim/Team Blåne) ein sjetteplass i M20–22.
Katrine Svarstad Heggdal (Markane/Stryn vgs) vart nummer ni i klasse K17 medan Elida Fuglem (Valldal/Stryn vgs) vart nummer ni i klasse K18. Gunn Kristi Tvinnereim (Hardbagg/Team Woodcon) vart nummer 10 i klasse K20–22.
Gullfavoritt Maren Hjelmeset Kirkeeide stilte ikkje til start etter ordre frå trenaren. Ho er derimot klar til laurdagens miks-stafett. Ho skal delta på lag saman med broren Simon Hjelmeset Kirkeeide og vinnaren av seniorklassen John Olav Smørdal Botn.
Komplett resultatliste for fellesstarten finn du her:
Resultatliste ASKO Norgescup fellesstart 10.03.2023
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026