NM-gull i miks-stafett på heimebane!
Postet av Markane IL den 11. mar 2023

Maren Hjelmeset Kirkeeide, Simon Hjelmeset Kirkeeide og Johan-Olav Smørdal vann suverent NM-gull i miks-stafett på Ullsheim laurdag. (Foto: Inge Fænn/Fjordingen)
Den andre dagen i norgescup/NM-helga starta flott for våre lokale løparar då laget frå Sogn og Fjordane gjekk inn til NM-gull. Medan snøen meir eller mindre lava ned tok laget med to av tre utøvarar frå Markane IL eit solid gull i Mix stafett 17-senior på heimebane.
Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL gjekk den første etappen. Ho brukte totalt to ekstra skot. Ut frå første skyting var det jamt i teten, men derifrå og til mål var ho i tet heile vegen.
Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk dermed først ut på den andre etappe, også han i tett snøver. Han trengde fem ekstra skot for å få blinkane ned, men slapp strafferunder og sendte Johan-Olav Smørdal Botn, Stårheim IL ut med god leiing på den siste etappen. Johan-Olav brukte også fem ekstraskot, men hadde god kontroll heile vegen. I mål var det heile 45 sekund ned til Buskerud på sølvplass. Nord Østerdal tok bronseplassen.
Vi gratulerer med NM-gull!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026