Kategori
Holmenkollen 28.2.2013:
Postet av Markane IL den 28. Feb 2013
Tarjei Bø vann verdscupsprinten i Holmenkollen!
Tarjei Bø vann verdscupsprinten i Holmenkollen. Foto frå NRK.
Tarjei Bø vann for første gong eit verdscuprenn i Holmenkollen då han gjekk heilt til topps på dagens sprint. Med rask og feilfri skyting slo Tarjei franske Fourcade med minste mogleg margin. I mål skilde det berre 0,1 sekund i Tarjeis favør. Fourcade fekk to bom på standplass, og gjekk dermed noko raskare i løypa enn Tarjei. Andriy Deryzemlia frå Ukraina tok tredjeplassen 7,7 sekund bak Tarjei.
Johannes Thingnes Bø debuterte i den individuelle verdscupen. Også han skaut godt men fullt hus på liggjande og ein bom på ståande. Farten i sporet var noko lågare enn dei beste, og i mål heldt det til ein 28. plass, 1 min 39 sek bak Tarjei.
Verdscupen i skiskyting held fram med jaktstart laurdag.
Vi gratulerer Tarjei med verdscupsiger!!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.