Kategori
Veten 05.02.2012
Postet av Markane IL den 6. Feb 2012
Resultat frå Vetenrennet 2012
Årets "Vetenrenn" vart arrangert 5.februar og samla til saman 64 deltakarar. Av desse var det 6 som representerte Markane IL og leverte solid innsats i skiløypene.
I dei yngste klassane stilte Maren Hjelmeset Kirkeeide (foto) opp i jetner 9 år, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide deltok i jenter 8 år medan Elias Lødøen Flo stilte opp i gutar 10 år.
I klassa for gutar 11 år kom Fredrik Nesje Lindvik på fjerdeplass. Marius Eimhjellen frå Hyen gjekk her heilt til topps. I klassen for gutar 12 år hadde Markane IL med to løparar. Vegard Lødøen Flo vart nr 3 medan Marius Heggdal Olsen kom på 6.plass. Even Nesgård frå Fjellhug/Vereide vann klassa.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.