Kategori
Kvalfoss-sprinten 07-08.01.2012
Postet av Markane IL den 11. Jan 2012
Foto frå Kvalfoss-sprinten
Aksel Meland saman med Eirik Kvalfoss etter sigeren søndag. Foto: John Roger Meland
Det gror godt av unge skiskyttarar i Markane IL. 7. og 8. januar var seks unge løparar i aksjon i løypene i Holmenkollen: Andreas og Georg Halsteinslid, Magnus Arntsen, Grim Nygård, Håkon Midthjell Gjørven og Aksel Meland.
Totalt var over 600 skiskyttarar frå heile landet i aksjon. Markane IL fekk også klassevinnaren i gutar 13 då Aksel Meland gjekk heilt til topps på normaldistansen søndag. På same distanse kom Magnus Arntsen på ein flott 37.plass av dei 110 skiskyttarane.
På foto ovanfor saman med tidlegare eliteskiskyttar Eirik Kvalfoss. Komplette resultatlister er lagt ut tidlegare her.
Nedanfor følgjer fleire foto av dei seks markaneløparane som stilte opp i årest Kvalfoss-sprint.
Georg Halsteinslid leverte solide løp i klasse G16 under Kvalfoss-sprinten. Foto: John Roger Meland
Aksel Meland øverst på pallen på normaldistansen. Foto: John Roger Meland
Grim Nygård deltok i klasse G14. Foto: John Roger Meland
Håkon Midthjell Gjørven stilte også i klasse G14.
Foto: John Roger Meland
Andreas Halsteinslid like før start i klasse G14 på normaldistanse.
Foto: John Roger Meland
Magnus Arntsen i gong med normaldistansen i klasse G13 i kollen. Foto: John Roger Meland
Aksel Meland spurtar inn til siger i Holmenkollen. Foto: John Roger Meland
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.