Kategori
Ruhpolding 17.1.2015
Postet av Markane IL den 18. Jan 2015
Verdscupsiger på sprinten til Johannes Thingnes Bø!
Johannes Thingnes Bø tok sin andre individuelle verdscupsiger for sesongen. Arkivfoto: Anders Vonheim
Johannes Thingnes Bø tok sin sjuande verdscupsiger totalt og den andre for sesongen då han gjekk til topps på sprinten i Ruhpolding. Sprinten vart eit perfekt løp med feilfri skyting og suveren fart i sporet.
Johannes var heile 24 sekund framfor tyske Simon Schempp som kom på andreplass. Tyske Arnd Peiffer tok tredjeplassen 58 sekund bak. Alexander Os vart nest beste nordmann på ein 11. plass. Tarjei Bø står over renna i Ruhpolding.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.