Naustdal 20,-21.september 2014:
Postet av Markane IL den 9. sep 2014
Ungdomssamling i orientering

Sogn og Fjordane o-krins innbyr til ungdomssamling 20.-21. september i samband med at det denne helga også vert arrangert KM-natt og Haustbløyta.
Frammøtetidspunkt: Laurdag 20. september kl 13.00.
Stad: Trollstova, Ramstadheia (mellom Naustdal og Eikefjord).
Samlinga er for ungdomar frå 12 år og oppover.
Leiarar/instruktørar: Gøril Fristad og Håvard Nummedal Os.
Pris: Gratis, men deltakarane dekkjer reise til/frå samlinga og har med mat til første måltid.
Program: Sjå innbydinga
Overnatting: På Trollstova, Ramstadheia, Naustdal. Krinsen legg ut link med kart på facebooksida til o-krinsen. Du treng sovepose og liggjeunderlag.
Hugs å ta med: Mat/drikke på veg til samlinga og til måltidet kl 16.00 på laurdag. Deretter står o-krinsen for maten. Treningskle og konkurransekle, EMIT-brikke, kompass, hovudlykt (for nattorienteringa). Regnkle og støvlar (tilpassa vertilhøva). Sovepose. Pengar til reise.
Har du ikkje EMIT-brikke, så gje melding ved påmeldinga. Då får du låne deg ei brikke.
NB! Påmelding til dei to løpa gjer du gjennom o-gruppa i god tid før samlinga.
FRIST FOR PÅMELDING TIL SAMLINGA:Sundag 13. september kl 20.00 til gorilfristad@hotmail.com
, eller pr telefon 92641210.Vel møtt til samling!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026