Handlekveldar på Ytre-Eide Sport
Postet av Markane IL den 4. nov 2016

Det vert handlekveldar for medlemar Markane IL på Ytre-Eide Sport:
Torsdag 10.11: Denne kvelden stiller det representantar frå Ytre Eide Sport sine samarbeidspartnarar.
Torsdag 1.12: Dette vert ein vanleg handlekveld utan representantar frå samarbeidspartnarar.
Desse kveldane er det tilbod om 25 % rabatt på alt skiustyr, medan på konkurranseutstyr er det tilbod meir alt etter type utstyr som vert valgt.
Ytre-Eide Sport tilbyr blant anna:
- Eikemålar for langrennski. Der kan vi måle ut nøyaktig smøresoner for klassiske langrennski og teste nøyaktige kammerhøgder på skøyteski.
- Varmeskap for tilpassing av Fischer og Atomic alpin og toppstursko. Dette gjer at vonde sko høyrer fortida til. Vi tilpassar rett og slett skoen til din fot.
- Oppgradert Wintersteiger steinslipemaskin der ein sjølv kan velge struktur.
Vel møtt!
Bestillingsliste Ytre Eide Sport
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026