O-sesongen 2023

Postet av Kristin Hatledal den 21. Apr 2023

Torsdag 27. april startar o-sesongen opp att i indre Nordfjord. Då blir det nybyrjarkurs og nær o-løp i området ved sandvolleyballbana ved Stryn vidaregåande skule. O-gruppene i Markane IL og Veten IL samarbeider om å arrangere nær o-løp i den flotte naturen rundt om i indre Nordfjord også denne sesongen. Dei to laga skal arrangere åtte nær o-løp i vår og i haust, i tillegg til eit natt o-løp i slutten av september. Veten IL og Markane IL skal også samarbeide om å arrangere krinsløp og o-leir 3.-4. juni. 

På nybyrjarkurset vil det bli ulike aktivitetar og leikar som bidrar til å gje eit godt grunnlag før ein prøver seg på nær o-løpet. Det vil også bli eigne o-treningar på torsdagar det ikkje er nær o-løp. Det vil bli tur-orientering også i år. Følg med her, på turorientering.no eller o-nordfjord på facebook for meir informasjon om dette. 

Markane IL har fin samlepremie for dei som deltek på fem nær o-løp eller meir. 


Orientering vår og haust 2023

 

Dato           Aktivitet                                           Stad

27.april        Nær o-løp og nybyrjarkurs                 Stryn VGS.

4. mai          Trening                                               Tonningskamben

11.mai         Nær o-løp: Verdens o-dag                 Sagedammen

25.mai         Nær o-løp                                           Robjørgane

1.juni           Trening n-løype                                   Veten

3.-4.juni       Krinsløp og o-leir                                Veten og Markane

8.juni           Nær o-løp                                            Veten

15. juni        Nær o-løp                                           Ullsheim

22. juni        Trening                                               Tonningskamben

 

Sommarferie

 

10.august      Nær o-løp                                          Veten

17.august      Nær o-løp                                          Tverrfjellet

24. august    Trening                                                Veten

31. august    Nær o-løp/Nordfjordmeisterskap      Veten

7.sept           Trening                                               Ullsheim

28. sept.       Natt o-løp                                          Tonningskamben


Praktisk informasjon:

  • Fri start mellom kl. 17.30 – 18.30 (19.00 i kortare løyper).
  • Dersom du ønsker å ta løypa ein annan dag ligg postane ute til søndag. Gjer avtale med løypeleggar angåande kart. Evt. ta kontakt med Anne Marie telefon: 92609077.
  • Fin premie på slutten av sesongen til dei som teltek på 5 løp eller meir. 
  • Fire løyper å velge mellom
    1. Nybyrjar ca 1,5 km
    2. C-løye (litt øvd) ca 2,5 km
    3. A-kort (øvd) ca 3 km
    4. A-lang (øvd) ca 4 - 5 km
  • Du vel sjølv om du vil bli tatt tid på eller ikkje
  • Elektroniske tidtakerbrikker har vi til utlån
  • Pris per nær o-løp
    1. 20 kr for barn til og med 15 år
    2. 40 kr frå 16 år og oppover
  • Krinsløp/KM/o-troll-leir og løp utanfor krinsen. Ta kontakt med Anne Marie dersom du er interessert. 
  • Følg O-Nordfjord på facebook for meir informasjon.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.