Første nær o-løp, og nybyrjarkurs, ved Stryn VGS

Postet av Kristin Hatledal den 23. Apr 2023

Torsdag 27. april blir det første nær o-løpet for sesongen arrangert ved sandvollyballbana ved Stryn VGS. Samtidig blir det også arrangert nybyrjarkurs med ulike leikar og aktivitetar som bidreg til å gje eit godt grunnlag før ein prøver seg på o-løpet. Dette startar kl. 17.30.


Nær o-løpet

Oppmøte er Stryn vidaregåande skule, ved sandvollyballbana. Ein kan starte mellom kl. 17.30 - 18.30 (19.00 i kortare løyper)


Løyper nær o-løp:

N-løype: Nybyrjar - veldig lett. Passar alle som er nye i orientering. 

C-løype: Nokså lett. Passar alle som har litt erfaring med orientering og beherskar nybyrjarløyper.

A-kort: Erfaren. Passar alle som har god erfaring med orientering.

A-lang: Erfaren. Passar alle som har god erfaring med orientering, 


Pris:

20 kr for barn

40 kr for vaksne (over 16 år)


Vi har elektroniske brikker til utlån for dei som ikkje har sjølv.


I år arrangerer Markane IL og Veten IL åtte nær o-løp ilag, og det blir ein fin premie på slutten av sesongen for dei frå Markane IL som deltek på fem nær o-løp eller meir.


Dersom du vil vite meir om kva som skjer denne o-sesongen kan du følgje O-Nordfjord på facebook for meir informasjon. 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.