Nattorienteringsløp torsdag 28. september
Postet av Kristin Hatledal den 24. Sep 2023
Torsdag 28. september arrangerer Markane IL nattorientering i Tonningskamben.
Stad: Rett etter siste huset i Hogane/langs Sætrevegen
Start: 18.30 – 20.30 (PS: Det blir mørkt ca. kl.19.30 – 20.00)
Ta med: oppladda hovudlykt, refleksvest og kompass (muleg å låne).
Løyper å velje mellom:
Nybegynnarløype 1,4 km
Løype for dei vidarekomne (C/B-nivå) 1,8 km
Løype for dei erfarne (A-løype) 2,8 km
Nattorientering er noko som mange synest er veldig kjekt. Ein oppfattar detaljane i terrenget rundt seg på ein anna måte, ved hovudlykt i mørket, enn kva ein gjer i dagslys. Så kom og bli med du også!
Håpar å sjå deg på natt o-løp på torsdag!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.