Turorientering 2024

Postet av Kristin Hatledal den 21. Jul 2024

IL Veten og Markane IL held fram med samarbeidet og tilbyr også i 2024 turorientering i indre Nordfjord. Postane er fordelt på tre områder; Mellom Stryn Sentrum og Stryn Skisenter, på Tverrfjellet i området vestover frå Stryn Vinterski og Nordsida frå Blaksæt til Fjelli. Vi håpar dette skal gje varierte turar og terreng og at det motiverer både små og store til turar i skog og fjell. 

Postane ligg ute frå 15-juni - 13. oktober

For å vere med kan ein gå til turorientering.no og søkje på arrangør Markane og Veten. Ein kan då kjøpe tilgang til kart og registrering. Turen i området Stryn-Hydla er gratis, medan det kostar kr 150 kr per pakke for Nordsida og Tverrfjellet.

Det er Henning Heimlid og Anders Bergset som har laga kart og lagt ut postar på turorienteringa. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.