Nær o-løp nr. 7 på Tverrfjellet ved badedammen

Postet av Kristin Hatledal den 18. Aug 2025

Markane IL inviterer til nytt nær o-løp. Torsdag 21. august på Tverrfjellet ved badedammen kl. 17.30. Løypeleggjar er Henning Heimlid. Det er bomveg til Tverrfjellet. 


Løyper:

A-lang, 4,9 km: Erfaren. Passar alle som har ein del og god erfaring med orientering.

A-kort, 3,5 km: Erfaren. Passar alle som har ein del og god erfaring med orientering

B-løype, 2,8 km: Passar for alle som har ein del erfaring med orientering og beherskar løyper på C-nivå. 

C-løype, 2 km: Avansert nybyrjar. Passar alle som har litt erfaring med orientering og beherskar nybyrjarløyper.

N-løype, 1,5 km: Nybyrjar - veldig lett. Passar alle som er nye i orientering.


Påmelding:

Vi skal bruke det nye tidtakingssystemet også på dette løpet, så vi ønskjer at flest mogeleg melder seg på før løpet. Ein melder seg på i eventor her. Dersom du ikkje har brukt eventor før så går det fort å legge inn. Du kan registrere både deg sjølv og barna. Om du ikkje får det til så er det sjølvsagt mogeleg å melde seg på ved start også eller kommenter under innlegget på facebook til Markane IL.


Pris:
30 kr for barn t.o.m. 15 år
50 kr for vaksne (over 16 år)
Vipps til #641339

Vi har elektroniske brikker til utlån for dei som ikkje har sjølv. Du vel sjølv om du vil bli tatt tid på eller ikkje.

I år arrangerer Markane IL og Veten IL ni nær o-løp ilag, og det blir ein fin premie på slutten av sesongen for dei frå Markane IL som deltek på fem orienteringsløp eller meir.

Dersom du vil vite meir om kva som skjer denne o-sesongen kan du følgje O-Nordfjord på facebook for meir informasjon.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.