Nær o-løp nr. 3 og Verdas orienteringsdag på Hydla

Postet av Kristin Hatledal den 18. Mai 2026

Torsdag 21. mai inviterer Markane IL til nær-o-løp nr. 3 på Hydla, som ein del av markeringa av Verdas orienteringsdag (World Orienteering Day) og verdas orienteringsveke. Arrangementet er ope for alle, både nybyrjarar og meir erfarne orienterarar.

Start frå kl. 17.30.

Møteplass blir ved gapahuken vest for Hydla-parken. 

Det er parkeringsplass med avgift ved Hydlastova. 

Løypeleggar er Vigdis Sætren. 

Velkomen til alle som har lyst å prøve litt orientering!

Løyper:

A-lang:  Erfaren. Passar alle som har ein del og god erfaring med orientering.

AB-kort: Erfaren. Passar alle som har ein del og god erfaring med orientering.

C-løype:  Avansert nybyrjar. Passar alle som har litt erfaring med orientering og beherskar nybyrjarløyper.

N-løype: Nybyrjar - veldig lett. Passar alle som er nye i orientering.


Påmelding:

Vi ønskjer at flest mogeleg melder seg på før løpet. Ein melder seg på i eventor her. Du kan registrere både deg sjølv og barna ved å opprette ein brukar. Om du ikkje får det til så er det sjølvsagt mogeleg å melde seg på ved start også. 


Pris:
30 kr for barn t.o.m. 15 år
50 kr for vaksne (over 16 år)
Vipps til #641339

Vi har elektroniske brikker til utlån for dei som ikkje har sjølv. Du vel sjølv om du vil bli tatt tid på eller ikkje.


World Orienteering Day

Verdas orienteringsdag og orienteringsveka vert markert over heile verda, med mål om å få flest mogleg ut i aktivitet og bli kjende med orientering som idrett. Gjennom enkle og inkluderande arrangement ønskjer ein å vise at orientering er ein lågterskelaktivitet, der barn, unge og vaksne kan delta på sine eigne premissar.   

I høve Verdas orienteringsdag blir det også kake og saft til alle frammøtte. 

I år arrangerer Markane IL og Veten IL ti nær o-løp ilag, og det blir ein fin premie på slutten av sesongen for dei frå Markane IL som deltek på fem orienteringsløp eller meir.

Dersom du vil vite meir om kva som skjer denne o-sesongen kan du følgje O-Nordfjord på facebook for meir informasjon.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.