Nær o-løp nr. 5 ved Tonningsetra
Postet av Kristin Hatledal den 14. jun 2026
Siste nær o-løp for sommaren blir torsdag 18. juni på Tverrfjellet ved Tonningsetra. Samlingsplass blir litt opp i barkeløypene frå Tonningsetra, der stien går mot Holsetra. Det blir merka frå parkeringsplassen ved Tonningsetra,
Start blir frå kl. 17.30. Løypeleggarar er Grete Zachariassen og Aslaug Thingnes Bø.
Det er bomveg til Tonningsetra.
A-lang: Erfaren. Passar alle som har ein del og god erfaring med orientering.
A-kort: Erfaren. Passar alle som har ein del og god erfaring med orientering.
C-løype: Avansert nybyrjar. Passar alle som har litt erfaring med orientering og beherskar nybyrjarløyper.
N-løype: Nybyrjar - veldig lett. Passar alle som er nye i orientering.
Påmelding:
Vi ønskjer at flest mogeleg melder seg på før løpet. Ein melder seg på i eventor her. Du kan registrere både deg sjølv og barna ved å opprette ein brukar. Om du ikkje får det til så er det sjølvsagt mogeleg å melde seg på ved start også.
Pris:
30 kr for barn t.o.m. 15 år
50 kr for vaksne (over 16 år)
Vipps til #641339
Vi har elektroniske brikker til utlån for dei som ikkje har sjølv. Du vel sjølv om du vil bli tatt tid på eller ikkje.
I år arrangerer Markane IL og Veten IL ti nær o-løp ilag, og det blir ein fin premie på slutten av sesongen for dei frå Markane IL som deltek på fem orienteringsløp eller meir.
Dersom du vil vite meir om kva som skjer denne o-sesongen kan du følgje O-Nordfjord på facebook for meir informasjon.

Logg inn for å skrive en kommentar.