Nær orienterings-løp på Ullsheim

Postet av Kristin Hatledal den 12. Jun 2023

Torsdag 15. juni blir nær-orienteringsløp nummer fem arrangert på Ullsheim i Nord-Markane.

Denne gongen er det mogeleg å starte frå kl. 17 for dei som vil det.


Løyper nær o-løp:

N-løype: Nybyrjar - veldig lett. Passar alle som er nye i orientering. 

C-løype: Nokså lett. Passar alle som har litt erfaring med orientering og beherskar nybyrjarløyper.

A-kort: Erfaren. Passar alle som har god erfaring med orientering.

A-lang: Erfaren. Passar alle som har god erfaring med orientering, 


Pris:

20 kr for barn t.o.m. 15 år

40 kr for vaksne (over 16 år)

Vipps til #641339


Vi har elektroniske brikker til utlån for dei som ikkje har sjølv. Du vel sjølv om du vil bli tatt tid på eller ikkje. 


I år arrangerer Markane IL og Veten IL åtte nær o-løp ilag, og det blir ein fin premie på slutten av sesongen for dei frå Markane IL som deltek på fem orienteringsløp eller meir. 


Dersom du vil vite meir om kva som skjer denne o-sesongen kan du følgje O-Nordfjord på facebook for meir informasjon.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.