Turorientering 2020 har starta
Postet av Anne Marie Svarstad den 7. Jul 2020
IL Veten og Markane IL er i gong med turorientering for sesongen.
Tradisjonelle konvoluttar med kart og klippekort kan kjøpast på Esso Stryn Bensinstasjon, Ytre-Eide Sport 1 og Coop Fjelli. Nytt av året er at ein alternativt kan bruke TurOrientering.no til å kjøpe kart og registrere postane. Eller ein kan bruke appen TurOrientering på smarttelefonen. Den kjem det ny utgåve av i løpet av veke 28.
På postane heng det i år ikkje klippetenger, men står ein kode som ein skriv ned på kontroll-/klippekortet eller ein legg den inn i appen TurOrientering eller registrerer posten på TurOrientering.no.
Årets Turorientering er fordelt på fem områder: Tverrfjellet, Vangen Vest, Stryn (Tonningskamben) , Faleidsstøylen og Ullsheim. Til saman 40 postar ligg ute i terrenget fram til 12. oktober.
Orienteringsgruppene i IL Veten og Markane IL ønskjer alle ein god sommar og god turorientering!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Anne Marie Svarstad
Dato for nær o-løp
09.07.2020

Nær o-løp torsdag 11. juni på Sindre
08.06.2020