Skiskyttartreffen 2025

Skiskyttartreffen 2025


Arrangør: Markane IL
Påmeldingsfrist: 06.10.2025 23:55

Tid


Den årlege Skiskyttartreffen vert arrangert på Ullsheim lørdag 18. oktober. Tilbodet er todelt etter aldersklasser.

For alle i dei yngre klassane, utøvarar født i 2014 og seinare, er det oppmøte lørdag 18. oktober

Reimsamlinga blir i år slått saman med skiskyttartreffen, utøvera født 2010 til 2013 får eit tilbod fredag 17. oktober med overnatting på klubbhuset

Elevar frå landslinja Stryn vgs stiller som trenarar i tillegg til lokale trenarar/Nordfjord team Rekrutt.

Program: Fredag (J/G 13 til 16 år)

17:00 Oppmøte, registrering og innkvartering

17:30 Reim og våpentilpassing for dei som ønsker det. Dei andre får ei kombøkt og alle avslutter med en stafett med diverse overaskelser

20:00 Middag og sosialt samvær

Program: Laurdag

09.30 Oppmøte og registrering, inndeling i grupper etter aldersklasse

10.00 Stasjonsbasert aktiviteter på rundgang

12.00 Lunsj

13.00 Stasjonsbasert aktiviteter på rundgang

16.00 Avslutning


Påmelding:

Frist for påmelding er 6. oktober kl 23:55 om ein vil ha Skiskyttartreff Gensaren!

Det åpnes på nytt for påmelding etter fristen, men då utan genser (den må bestilles i god tid for å bli ferdig til arrangementet)

Påmelding og betaling via iSonen.

kr 300 pr deltakar

kr 400 pr deltakar J/G13 - 16 år som og kommer fredag

Alle må ta med joggesko, rulleski, stavar, hjelm, hanskar, våpen, 150 skot, drikkebelte/flaske og egna kle/kleskift til øktene. (eventuelt ruskeski om det kjem snø nok)

Dei som vil overnatte må ha med laken, pute, dyne/sovepose og toalettsaker

Skiskyttartreffen vil alltid trenge litt hjelp frå nokre foreldre som er med borna sine. Det kan vere tilberednig av måltid til dømes, gruppeleiar som får med seg utøverane til neste aktivitet eller standplassleiar

Nytt av i fjor så må klubbane til ein kvar tid ha ein godkjend standplassleiar på skyteøktene.

For dei yngste klassene så må det være minst ein forelder pr 2 -3 utøvarar for å ivareta sikkerheita – dette kan klubbane fint avtale seg i mellom

Velkommen til Skiskyttartreffen 2025!

Med helsing styret i Sogn og Fjordane skiskyttarkrins, Sigbjørn Kirkeeide, leiar

mobil 911 22 322


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.