Nær o-løp nr. 2 på Visnes
Postet av Kristin Hatledal den 12. Mai 2025
Nær o-løp nr. 2 og det første arrangert av Markane IL for sesongen blir på Visnes torsdag 15. mai. Start frå kl. 17.30. Møteplass blir på leikeplassen på Visnes. Dette nær o-løpet er ein sprint på heilt nytt kart. Mykje av o-løpet er i byggefelt/gater og litt i terreng. Løypeleggar er Anne Marie Svarstad.
Det kan vere lurt å samkøyre eller parkere nede ved området ved riksvegen pga avgrensa med parkeringsplassar oppe ved leikeplassen.
Løyper:
AB-lang: Erfaren. Passar alle som har ein del og god erfaring med orientering.
AB-kort: Erfaren. Passar alle som har ein del og god erfaring med orientering.
C-løype: Avansert nybyrjar. Passar alle som har litt erfaring med orientering og beherskar nybyrjarløyper.
N-løype: Nybyrjar - veldig lett. Passar alle som er nye i orientering.
Påmelding:
Vi testar ut nytt tidtakingssystem på dette løpet, så vi ønskjer at flest mogeleg melder seg på før løpet. Ein melder seg på i eventor her. Dersom du ikkje har brukt eventor før så går det fort å legge inn. Du kan registrere både deg sjølv og barna. Om du ikkje får det til så er det sjølvsagt mogeleg å melde seg på ved start også.
Pris:
30 kr for barn t.o.m. 15 år
50 kr for vaksne (over 16 år)
Vipps til #641339
Vi har elektroniske brikker til utlån for dei som ikkje har sjølv. Du vel sjølv om du vil bli tatt tid på eller ikkje.
I år arrangerer Markane IL og Veten IL ni nær o-løp ilag, og det blir ein fin premie på slutten av sesongen for dei frå Markane IL som deltek på fem orienteringsløp eller meir.
Dersom du vil vite meir om kva som skjer denne o-sesongen kan du følgje O-Nordfjord på facebook for meir informasjon.
Photo by Jametlene Reskp on Unsplash
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Kristin Hatledal

Orienteringssesongen 2025
24.04.2025

Sesongstart i orientering
16.04.2025

Resultatliste nær o-løp Tverrfjellet
15.09.2024

Lagsmeisterskap for Markane IL og nær o-løp
26.08.2024

Resultatliste for nær o-løp på Maurset
15.08.2024