Turorientering 2025
Postet av Kristin Hatledal den 14. Jun 2025
IL Veten og Markane IL held fram med samarbeidet og tilbyr også i 2025 turorientering i indre Nordfjord. Det er Henning Heimlid og Anders Bergset som har ordna med turorienteringa også i år. Tusen takk til dei for dette flotte arbeidet!
Postane er fordelt på tre områder: Markane - Kjølen, Nordsida og Stryn.
På Markane-Kjølen fordelar postane seg langs den gamle postvegen, og på ryggen som går vestover mot Gråberg.
På Nordsida er postane fordelt over eit stort område og kan gjerne kombinerast med andre turar og kulturopplevingar.
I Stryn ligg postane langs Vikaelva mellom Stryn sentrum og Hydla.
Vi håpar dette skal gje varierte turar og terreng, og at det motiverer både små og store til turar i skog og fjell.
For dei som samlar poeng for merke er merkekrava:
0-16 år : Bronse: 50 poeng, Sølv: 81 poeng, Gull: 115 poeng.
17 år og eldre : Bronse: 100 poeng, Sølv: 121 poeng, Gull: 151 poeng.
Totalt er det muleg å samle 198 poeng.
Postane ligg ute frå 14. juni - 14. oktober.
Les meir og kjøp kart på turorientering.no
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Kristin Hatledal

Resultatliste for nær o-løp på Ullsheim
05.06.2025

Nær o-løp nr. 4 på Ullsheim
02.06.2025

Krinsløp jaktstart på Langeset, Markane
18.05.2025

O-trolleir og ungdomssamling på Ullsheim
18.05.2025

Resultatliste nær o-løp nr. 2
16.05.2025